Senin, 07 Maret 2016

Urnordiske stedsnavn

Marit spurte:
Har h?rt at stedsnavnene Sola, Tjora, Lea, Risa, Ska, Rage kan v?rra urnordiske, siden me ikkje forst?r betydningen av di idag?

Hei! For ? besvare dette s? grundig som mulig sendte jeg pinnen videre til navneforsker Krister Vasshus og spurte han kunne bidra med et solid svar. Det kunne han, og her f?lger bidraget:

Mange av stadnamna me har i Noreg blei til i den urnordiske tidsperioden (ca. 200-750 etter v?r tidsrekning, Haugen 2012). D?me p? slike namn er dei som ender p? -heim, som f.eks. B?rum (Bergheim), eller dei som er eitt enkelt naturnamn, som Vik, Eik, eller Dal. Men som sikkert mange har lagt merke til, kan enkelte stadnamn vera n?rast umoglege ? forst? seg p?. Dette tyder ikkje n?dvendigvis at dei er elgamle, men at dei er lagd med grunnlag av ord me ikkje bruker i s?rleg grad i det daglege spr?ket v?rt lenger.

Enkelte er enkle ? tolka. Tjora kjem sannsynlegvis fr? norr?nt ?jrr, som tyder tyr, og som nok er ein metafor brukt om fjell som likner storfe. Lea er i slekt med ordet leire, og siktar d? til jordsmonnet. Risa er ein fleirtalsform av ris, som i kratt og bj?rkeris, og fortel om flora i fordoms tid. I oppslagsverket Norske Gaardnavne blir Rage tolka slik ?aaben Str?kning, hvor l?se Ting hvirvles om af Vinden eller driver ind fra Vandet? (bind 10, s. 212). Av desse namna kan Lea og Risa tenkast ? ha blitt til i urnordisk tid.

N?r ein pr?ver ? f?restilla seg korleis stadnamn har h?yrst ut for s? lang tid sidan, er det viktig ? hugsa at dei norr?ne vikingane ville hatt like store problem med ? forst? urnordisk spr?k som det me i 2015 har med ? forst? norr?nt. Dette kan vera utfordrande for namnegranskarar, fordi me har ganske sparsamt med kjelder fr? denne tidsperioden, sj?lv om me har ein del flotte runeinnskrifter. Dette betyr at me m? rekonstruera den urnordiske forma ved hjelp av samanliknande spr?kvitskap, noko som er ein omfattande og kunnskapskrevjande jobb ? ta fatt p?.

La oss ta eit eksempel: *Swolhan- er ein rekonstruert urnordiske form for namnet som i norr?ne tekster heiter Sli, og som i dag heiter Sola. *Swolhan- er beslekta med ordet svelg, og kan ha vore det gamle namnet p? Hafrsfjord ? men dette er ikkje ei sikker tolking. Som dette eksempelet viser, vil alts? eit stadnamn med urnordisk opphav ha gjennomg?tt enorme endringar fram til i dag.

Urnordisk er p? sett og vis bestefaren til moderne norsk spr?k. Oldefaren er urgermansk, som ein reknar med blei snakka i Danmark, det s?rlege Noreg og det s?rlege Sverige ca 500 ?r f?r v?r tidsrekning. Dette spr?ket kom med nokre innvandrarar fr? aust, s? langt som dei pontiske steppene kring Svartehavet. Ettersom norsk spr?k d? kan sj?ast p? som fjerde generasjons norsk, tyder det at der har vore andre spr?k f?r dei spr?klege besteforeldra v?re kom hit. Og her snakkar eg ikkje om samisk, for det kom ?g med innvandrarar omtrent samtidig med urgermansk. Men i Rogaland finst der moglegvis munnleg traderte ekko etter eit utd?ydd spr?k som blei snakka i Noreg i steinalderen. Hinna, Soma, Lima, H?rr, Fister, Ombo og Tasta ? namn som ikkje eingong namnegranskarane forst?r kva tyder.

~ Krister Vasshus

Til vidare lesing:
  • Norske Gaardnavne bind 10 = Olsen, Magnus. (1915) Gaardnavne i Stavanger Amt. W.C. Fabritius & S?nner A/S.
  • Haugen, Odd Einar. (2012) Fr? urnordisk til norr?nt. Kan lastast ned gratis p? http://folk.uib.no/hnooh/handbok/ekstra/Urnordisk/Urnordisk-OEH-2012-12-30-v-1-0.pdf
  • Sandnes, J?rn og Stemshaug, Ola (red). (1997)Norsk stadnamnleksikon. Samlaget, Oslo. 4. utg?ve
  • S?rheim, Inge. (2007) Stadnamn i Rogaland. Fagbokforlaget, Bergen.




reff : http://norronfilologen.blogspot.com/2015/01/urnordiske-stedsnavn.html

Tags:

0 Responses to “Urnordiske stedsnavn”

Posting Komentar

Subscribe

Berlangganan artikel via email

© 2013 Ruang Inspirasi 2015. All rights reserved.
Designed by SpicyTricks